OsloTuren 2021 er avlyst
Publisert 11.03.21

Noreg har no i lengre tid vore under press av ei ny bølgje med smitte, denne gonga i form av fleire muterte virus. Dette har resultert at regjeringa ikkje har kunne letta så mykje på tiltaka som vi gjerne skulle sett for oss. Dei gjeldande retningslinene set for mange avgrensingar for avvikling av større arrangement, som til dømes OsloTuren. Det ville heller ikkje vore forsvarleg å sende 100 studentar frå Trondheim til Oslo slik smittesituasjonen er no, uavhengig av retningsliner i den aktuelle perioden. 

Det er difor med stort vemod at prosjektgruppa har sett seg nøydd til å avlyse OsloTuren 2021. Vi i prosjektgruppa ber om forståing for at vi har sett oss nøydd til å avlyse, då vi og forstår at dette kan opplevast urettferdig for dei som har fått plass. Vi ser fram til ein ny Oslotur i 2022 og håper like mange har lyst til å bli med oss på tur då.

Cookies hjelper oss å levere våre tjenester. Ved å bruke våre tjenester, samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Lær mer